Til hausten startar det opp eit nytt kull med studentar på Master i undervisning. Ein motivert gjeng som brenn for faget sitt og ynskjer å fordjupa seg enno meir i både faget og læraryrket. Me studentar i noverande kull har skrive innlegg om våre tankar rundt det å ta master, både for å gje informasjon og for å inspirera deg til å gjera det same. På bileta ser du nokon av oss på standen me hadde for å promotera studiet på fagvalgsdagen.
Kom gjerne med spørsmål!
Lukke til med fagvalet!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar