Samfunnet kjem til å skrike etter lærarar med forskarkompetanse og forskarar med lærarkompetanse, etterkvart som vissa om at undervisningspraksis og kunnskapsutvikling er to fenomen som haustar godt av å hengje tett saman med kvarandre. På tross av dette har rekrutteringa til dette særs relevante studiet vore laber.
Eg er ein av fem studentar som starta på undervisningsvitenskap i 2010 og eg stortrivast. Dei viktigaste årsakene til at eg gjer det er (1) at vi får enormt god oppfølging av ei rekke lektorar, doktorar og professorar som er rause med å setje av tid til oss og som høyrer på kva vi har å seie. (2) At miljøet er prega av opne, smarte, kloke og engasjerte medstudentar som gjer samarbeid og gruppearbeid til noko som absolutt er naudsynt, og (3) at eg får moglegheit til å delta aktivt i eit forskingsprosjekt i regi av to lektorar i samanheng med forskingsprogrammet "Lærarprofesjonalitet".
Studiet gjev forskarkompetanse og aukar tryggleiken på at ein vil meistre å arbeide som lærar frå 1.trinn i grunnskulen til lektorstillingar på høgskule- og universitetsnivå, og når du er ferdig vil alle trenge deg!
Bjørn Grinde (26)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar