onsdag 13. januar 2010

Engasjement for norskfaget


Hei!

Eg heiter Linda (23), og tok norsk som fordjupingsfag i fjor. Det synest eg var veldig spanande, og eg skjøna raskt at det var eit fag eg ville ha meir av. Spesielt interessant synest eg modulen i ”norsk som andrespråk” var. Eg ynskte difor å gå vidare på norsk, men visste ikkje heilt korleis eg skulle gjera det.

Då eg fekk høyra om den nye mastergrad undervisningsvitenskap, synest eg difor at den passa godt for meg, og studiet har verkeleg stått til forventningane. Her får me nemleg læra mykje meir enn ”berre” tema knytt til vårt eige fordjupingsfag. Ein får nyttig innsikt i andre fagfelt og tenkemåtar, meir fagdidaktikk, opplæring i akademisk skriving, kunnskap om vurdering og differensiering osv, samstundes som du får fordjupa deg i det faget du liker best.

Ekstra kjekt er det at alle i klassen vår er svært engasjerte og interesserte i sitt fagfelt og i utdanninga vår. Alle deltek dermed aktivt i diskusjonar og gruppearbeid, og det gjer undervisninga ekstra lærerik.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar